Om oss
Samlingar
Bildearkiv
Historikk
Venneforening
 
Kontakt oss
Forsida

Funn_01

Funnstaden på Buneset (Toftevågen), Halsnøy i Sunnhordland.
Halsnøy–båten

I 1896 fann Johannes Jørgensen Tofte, restane etter ein gammal båt under dyrking av ei mye her på Buneset, Halsnøy i Sunnhordland. Johannes Silseth, som då var ung student ved Ås Landbruksskule fekk fagfolk til å sjå på funnet. Dei skjøna straks at dette var eit verdifullt funn. Same året tok B.E. Bendixen initiativ til at funnet vart overlevert Bergen Museum.

Den kjende båtgranskaren Bernhard Færøvik tok i 1934 for seg restane av båten, som på den tida vart oppbevart på Oldsaksamlinga ved Universitetet i Bergen. Han målte opp og laga teikningar av dei delane som var att. Dette materialet, saman med opplysningar frå inn og utland, danna grunnlaget for rekonstruksjonen av Halsnøy-båten. Initiativtakaren Johannes Eide kontakta Knut Sørnes, og saman starta dei det omfattande arbeidet med å gjenskapa båten i si opphavlege form samt finne fram til rette materialar og byggjeteknikkar. Deretter utarbeidde K. Sørnes i desember 2005 den endelege teikninga av båten. Båtfunnet, som er datert tilbake til 100-300 e.Kr., er ikkje klinka eller nagla, men sydd saman med lindebasttråd innsett med dyrefeitt og tjøre, og låst med ospekilar i alle saumhola. Mellom bordgangane er det nytta voven saueull innsett med tjøre og dyrefeitt. Lindebasttau er brukt mellom kjøl og stamn (flatlask), samt til å feste bordgangane til spant og stamn. Dette er eit av dei eldste båtfunna i Skandinavia der båten har keipar og vart rodd med årer. Halsnøy-båten, som er eldre enn vikingskipa, hadde ei utruleg fin form og linjeføring. Måten han er bygd på, avviker ikkje mykje frå måten ein byggjer Strandebarmar elle Oselvar på i vår tid, sjølv om desse opp gjennom tidene har vorte breiare og høgare, det vil seie meir børige enn det Halsnøy-båten var.

 
Båten i stranda
Halsnøy-båten, eit av dei eldste båtfunna i Skandinavia. Ein fullskala kopi av robåten blir bygd 2007 -2008 av båtbyggjaren Knut Sørnes i nært samarbeid med inintiativtakar, Johannes G. Eide.
 
Toftevågen

 

Minnesmerke i Toftevåg

Dette historiske båtfunnet på Bunes i Toftevåg, blei gjort så tidlig som i 1896, menn funndelene blei berre arkiverte på Universitetet i Bergen og det var først 100 år seinare det blei bygd ein modell av båten for å stadfesta materialvalg og byggjemetode som var nytta. Deretter blei båten gjennskapt i full storleik. Historisk var det så viktig å markera funnplassen for etterslekta og i 2007 blei ein minnebauta reist og avduka like ved funnplassen i Toftevåg.

 
 
Andre kilder
Film om Halsnøy-båten.
Sjå filmen her
 
Johannes
Initiativtakar, Johannes G. Eide her saman med båtbyggjar, Knut Sørnes.
 
Fjøl
Orginal restane frå funnstaden (1896).
 
Bygging
Sying av bordgang til kjøl med lindebastsnor
 
Bygging
Låsekilane som er nytta i saumhola, mellom bordgangane og mellom surringsklampane og banda i er av osp.
 
Bygging
Lindebastsnor.
 
Bygging
Kontroll av bordvinklane ved hjelp ei sladre.
 
Bygging
Verktøy ein nytta i arbeidet var øks, skyve,
teksel,diksel og pjål.
 
Bygging
Første bordgang under arbeid.
 
Kart
Få større bilde ved å klikka på bildene.

 
Kontakt oss:
post@halsnoyhistoriskesenter.no
Adresse:
5457 Høylandsbygd
© Halsnøy Historiske Senter SA
Alle rettigheter forebeholdes.
Alle bilder tilhører Halsnøy Historiske Senter om ikkje anna er angitt.