Om oss
Samlingar
Bildearkiv
Historikk
Venneforening
 
Kontakt oss
Forsida

Halsnøy Historiske Senter

 



 
 
 

Velkommen til


Halsnøy Historiske Senter SA, ein ny portal som er under oppbygging og skal etter kvart utvikla seg til eit «Digitalt museeum» der Halsnøy sin mektige historie når det gjeld bygging av båtar og skipsbygging, samt dette å driva skipa på kysten og i fjernare farvatten. Utviklinga av «Sunnhordlandseverten» med bomsegel og jaktene frå klink til kravell og slik vidare. Framfor alt dette kjem funnet av «Halsnøybåten» på Buneset i 1896, datert til 100 til 300 år etter tidsrekninga vår. Denne båten var ikkje klinka med jernnaglar, men sydd saman med lindebast fiber.
Portalen er meint å væra til hjelp for ungdomen og skulane, når dei søkjer etter historien og røtene våre.Her er alle velkommne med historiske bitar slik at vi kan få fletta disse saman med historiane på sidene, på rett stad og derved gjera stoffet stadig meire komplett og interesant for nye lesarar. Still gjerne spørsmål og vi vil hjelpe til med å svara eller rettleia så godt det let seg gjera.Portalen vil framover få ei stor samling av bilede som kan bli særlig interesant for mange.

Ta derfor gjerne kontakt under rubrikken «Kontakt oss».

Vi håpar de finn dette prosjektet intresant og at de vil bruka det i arbeidet dykkar frammover. Fortel gjerne andre om portalen.

Vi vil arbeida vidare med å utvikla dette til eit godt «Digitalt museeum» som både blir interesant og lærerikt og framfor alt vil du ha stoffet like ved deg når du arbeidar i dette feltet.

Beste helsing
Halsnøy Historiske Senter SA
Johs. G. Eide
 
   
   
Kontakt oss:
post@halsnoyhistoriskesenter.no
Adresse:
5457 Høylandsbygd
© Halsnøy Historiske Senter SA
Alle rettigheter forebeholdes.
Alle bilder tilhører Halsnøy Historiske Senter om ikkje anna er angitt.